Hei!
Ein lita helsing frå Haydom (søk etter Haydom Lutheran Hospital, så kan du sikkert lese meir om sjukehuset og plassen). Etter safari i Tarangire og Ngorogoro der vi såg alle dei viktige dyra utanom Leopard og Geopard, har Edit fått vore med og sett ein del på sjukehuset og eg har vore med på litt Chrisc aktiviteten som nyleg har starta opp her i Haydom. Vi har spelt ein del volleyball og fotball, samt at vi jogga rundt Haydomfjellet i går og var på Haydom Cultural Center i dag (ulike hus frå dei ulike stammane som har slått seg ned i området).
I går fekk eg omvisning i byen og fekk komme heim og sjå heimen til ein eg traff på gata (hadde vi gjort det same med ein framand kar i Norge mon tru???). Det viste seg å vere bror til ein som skal gifte seg med ei norsk ei til sommaren og som køyrer ambulanse her. Edit var forresten med i ambulansen ein dag.
Vi har det veldig bra. Det er stille og fredlig og vi treng jo ikkje jobbe heile dagen for å overleve...
Mandag reiser vi truleg til Mombasa (Kenya) for å få litt strand, sol og luksus den siste veka. Vi har det godt som berre kan reise vidare når vi er leie av det primitive livet :)
Håpar alt står bra til med dykk heime, og send gjerne mail med referat frå kva som har skjedd i OL då det er svært begrensa det vi får med oss!
Klem
Edit og Håvard
Kor er bra, kor er toppen!
for 12 år siden

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar