Fredag 6.mars overlevde vi verdens farlegaste veg, dødsvegen! Turen startar på 4700 meter og endar på omlag 1100 moh. På toppen var det kaldt, nederst tropisk og varmt! Nedstiginga tok vi på sykkelsetet. Det er eg igrunn glad for, for trur det hadde vore mykje verre i bil! Meir om dødsvegen, der 13 personar har omkomme siste 1o åra, kan de lese på http://www.dagbladet.no/dinside/2008/09/19/547430.html eller http://www.ilimitado.no/ilimitadono/2007/11/6/ddsveien-i-bolivia.html


Det tok over 4 timar ned, men vi trødde nok maks 10 minutt til saman :) Vel nede avslutta vi ein flott tilrettelagt tur med bading og mat!
I staden for å bli med tilbake til La Paz, reiste vi saman med Gerny, Johannes og Håvard2 (vi er 3 Håvard-ar på casaen) til byen Coroico der vi vart resten av helga.
Her er fleire bilder frå Dødsveien:
godt igang:
"foss" over vegen:
Gjengen som var med (alle med tilknytning til Misjonsalliansen). I tillegg var det med 4 guidar (to på sykkel og to sjoførar):






Ja, dette var nok ein artig, utfordrande og minnerik tur kan eg tru. Hadde vore moro å vore med. Men kva trur tu m... seier om våghalsen på kanten?
SvarSlettOg kvar er Edit? Er det ho du ser etter? Kvifor er det berre bilde tå deg, og ikkje ho? Kan du leggje ut eit bilde tå Edit "frå dalstasjonen" så vi ser at ho "greidde" turen, uansett kva rute ho tok ned?
Spennande!!
SvarSlettVar det like skummelt som det ser ut som eller??! Trur eg må komme ned eit par dagar før enn planlagt slik at eg kan ta turen eg og ;) Gofa si han vil vere med og, berre det lir litt utpå vår'n... Lillian
trur det var eg som tok det bildet :) hugsar ikkje kven som stod på kanten, og litt vanskelig å sjå på bildet. I løpet av helga skal vi få ajourført bloggen. Har vore ei travel, men veldig interessant veke med mykje opplegg. No driv vi og lagar istand fest for 20 bolivianske studentar. Edit bakar bollar og eg har vore med å kutta opp poteter og gullerøter til lapskaus for nesten 50 personar.
SvarSlettGofa kan gjerne bli med deg Lillian! :) Det er billig å bu og ete her kan du helse og seie :)
Håvard
trur forresten Edit er ein av dei som står på hendene i bassenget :)
SvarSlettHM
Spennande!!:) Var på besøk hos et vennepar som har kjørt den veien..hørres jo kjekpeskummelt ud når de fortelle.. Du må passe godt på din kjære Håvard!!Og deg sjølv:) HB dåkke har detbra og kose dåkke!! Regn her nå!StorKlem Kristine:)
SvarSlett