Fyrst ein kortversjon for dei som ikkje vil lese for mykje:
Reisa gjekk fint, høgda går det greit med, intensivt spanskkurs er vi godt igang med og i morgon skal vi på barnehjemmet for fyrste gong!
Reisa:
Etter springmarsj til nattbussen kl 0440 den 26.feb gjekk reisa vidare (Helsfyr-Gardermoen-Heathrow-Miami-LaPaz) greit. Etter 30 timer på reise landa vi i Bolivia. Flyplassen (El Alto) ligg på platået over La Paz, litt over 4000 moh. Vi fekk derfor STRENG beskjed av Stig om å gå sakte og ikkje bære den minste ting.
Fyrsteinntrykk:
Dei fyrste 3 dagane tok vi det svært roleg på Casa Alianza (der vi bur - ca 3300 moh), med litt sightseeing i byen (vi tok taxi til toppen og gjekk berre nedoverbakke). Folket verkar veldig norske. Litt sjenerte, men viss du smiler og tek kontakt er dei veldig hyggelige (ikkje at vi har tatt så mykje kontakt med dei 10 orda vi kan...)
Folka på Casa´n (i alt 18 volontørar og studentar per no) er veldig kjekke, og vi har blitt tatt kjempegodt imot!
Byen La Paz ligg i ein laaaang nedoverbakke frå fjellplatået El Alto, med flotte fjell rundt. Utsikta frå soverommet er heilt fantastisk!

Spansk:
Vi starta med 2 intensive timar spansk allereie fredagen og skal ha ca 2 timar 5 dagar i veka i 5 veker (totalt 60 timar). I tillegg kjem ei betydelig heimelekse som tek ein del tid. Det er interessant, men og slitsamt! Hadde ikkje hatt noko imot å kunne flytande spansk frå før! Edit har fått ei lærerinne som er heilt enormt engasjert.
Til Ingeborg Ims: Skal helse så mykje! Ho tok heilt av då Edit helste frå deg... :)
Mat:
Vi er mykje ute og et, og når 4 rettars lunsj kostar 14 kroner så lønner det seg ikkje å lage sjølv. Likevel vert ein litt lei av å ete ute heile tida, så i går laga vi nydelig kjøttdeig og spagetti (etter å ha brukt 2 timar med ordboka på handletur)!
Trening:
Mandag hadde vi vår fyrste lille treningsøkt med amerikansk og vanleg fotball. Det tek på i høgda! I dag (onsdag) har vi vore på joggetur igjen, og Edit er heilt utslitt...hehe... Likevel ser det ut som vi taklar høgda ganske greit no, og foreløpig har vi ikkje fått magasjau (kjem vel snart...)
Jobb:
Mandag var vi og innom barnehjemmet der vi startar i morgon. Edit fekk seg ein beundrar med ein gong (eller var det motsatt???). Vi gler oss til å komme igang!
Håpar alt står bra til heime, og set pris på oppdateringar frå livet i Norge. (Kommenter gjerne innlegg, send mail eller melding på facebook - til Edit...)

Må si jeg ble meget overrasket over at Håvard Myklebust er blitt en blogger. Regner med at det er Edit som er drivkraften her. Uansett er det morro for oss her hjemme i kalde Norge å følge med på hva dere driver med
SvarSlettHei!
SvarSlettNo er eg og blitt blogar (ref. Ole)
Kjekt å høyre/ sjå at de har det godt på reise/ opphald i jobb/spankskurs/fritid.
Her heime er alt vel. Bestefar er 85 i dag. Prøver ringje når vi er i Dale med helga.
Hallingdalskar. gjekk greitt. 110 delt på Gol, noko færre i Hol. Fine resultat og ein del persar. Stort oppslag i Hallingd. om GlitreTid og el- tidt.. I går kveld var det Hallingdalsmesterskap. God deltaking, berre 3 løparar mangla (Bøkko'n og Chris). Hege gjekk 500. Treg is (mildver føreåt). Eg gjekk min 5000 m etterpå. I kveld er det kl.l. og ny 5'--