fredag 15. mai 2009

Chacaltaya neste!

I morgon 16.mai kl 0800 startar eg på oppoverbakken til Chacaltaya (frå 3200 til 5395 moh). Det kiler i magen og eg håpar berre det er nerver og ikkje at Edit har smitta meg med diaré...
Innsamlinga har gått over all forventning! Til no er det samla inn ca 17000 kroner dersom eg kjem heilt til topps! Det vil si at vi aukar innsatsen til Misjonsalliansen i Fotball Krysser Grenser-prosjektet med ca 15 %! Men når det har gått så bra så er eg likevel ikkje heilt nøgd (mykje vil ha meir veit du!). Kunne vi klart å komme opp i 20000???? 

Alle monner drar heiter det. Eg er litt redd at alle dei store bidraga har skremt bort "små"-givarane... men eg blir like glad for alle bidrag - store eller litt mindre! Hugs at 1,50 kr pr 100 høgdemeter vil gi 30 kroner dersom eg kjem til toppen. 30 kr = ei dagslønn for ein lærar eller taxisjåfør. Ja, statistikken seier at 36,7 % av befolkningen her lev for under 7 kr pr dag, og 59,6 % for under 14 kr pr dag! Og ein lokalprodusert fotball kan ein få for 40-50 kr på markedet. 

Det som og er litt kuult er at FKG-prosjektet er støtta av NORAD med ca 8-9 gonger innsamla beløp. Dvs at verdien som kjem befolkninga her til gode er ca 10 gonger beløpet du gir! Så ikkje nøl med å gi eit lite bidrag på størrelse med ein utepils eller 2-3 is på 17.mai. Dei pengane kjem godt med!


Håvard

PS -1 : du kan melde din interesse for å gi ved å legge inn kommentar til innlegget eller sende meg ein mail på havard_myklebust@hotmail.com. Summen du gir (pr 100 høgdemeter) blir ganga med 20 viss eg kjem heilt opp, med 10 dersom eg berre kjem til 4400 moh osv...

PS - 2:
No tenkjer du kanskje at 5395 moh blir jo lett når eg har vore på Huayna Potosi på 6088 moh? Men her er nokre argument imot:

- Til Huayna Potosi brukte vi 2 dagar på å aklimatisere oss både på 4700 og 5300 moh, og eg hadde vodt i hovudet begge nettene (og då meiner eg skikkelig hovudverk!)...
- Å gå rolig og bedaglig kan ikkje samanliknast med å sykle. Tenk eg skal drasse med meg ein sykkel og ein sekk på ryggen (tilsaman ca 16-17 kg ekstra) oppover bakkane.
- Då vi tok taxi opp for å inspisere vegen (sjå anna innlegg) måtte vi ta fleire pausar opp dei siste 100 høgdemetrane (der det ikkje er veg) pga høgda... No har eg tenkt å dra med meg sykkelen heilt til toppen etter å ha sykla 2000 høgdemetrar fyrst!

Men berre så det er sagt: Når eg startar på turen i morgon er det berre ein ting som er godt nok - å komme heilt til toppen! For innsamlinga har gått over all forventning, så eg ikkje har tenkt å gi meg så lett! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar