onsdag 27. mai 2009

Plan framover og pampasbilder


Vi er no inne i siste veka her i Bolivia, og plutselig vart det litt stress. Det er så mykje vi har lyst å få med oss før vi reiser. Det blir vemodig å reise herifrå, samtidig som vi byrjar å savne gamle Norge! Lillian har kome på besøk, og det er veldig kjekt! Ho har allereie fått med seg landsbyfest i Sorata (opning av vanningsannlegg), marked på El Alto og fotballskule, samt smakt Lama og sykla dødsvegen. Igrunn er det vel på tide at Lillian skriv eit blogginnlegg!?

I dag skal ho få vere med til Chacaltaya og etterpå skal vi heim til hushjelpa på Casaen. I morgon får ho med seg info om El Alto- prosjektet og mikrokreditt organisasjonen Diakonia-FRIF, før vi skal på fotballfest mellom dei lokale klubbane Bolivar og Strongest. Fredag reiser vi til Peru - sivøyene, Cuzco og Machu Picchu :)

Under er ein del bilder frå Pampas-turen vår 8.-11.mai. Dette jungelområdet av bolivia ligg på ein 3-400 moh og har ein fantastisk frodig natur med mykje dyr! Vi opplevde mellom anna å fly minifly (17 passasjerar) som landa på ei grasslette, å ta mopedtaxi, å svømme med rosa delfinar (som dytta borti oss), nærgåande apekattar (Hr. Nilsson), anacondajakt (kvelerslange), fiske etter piraya og lyse etter aligatorar, i tillegg til mykje sol, god mat og mykje mygg!

Mopedtaxi i Rurrenabaque

Turistvegen til Santa Rosa (3 timar) der pampasturen starta. Ikkje klag på rv.7!

Elvebåt - behagleg framkomstmiddel

Bading med nærgåande ville rosa delfinar - kjempekick!

Vi såg mange ulike typar apekattar

Hr. Nilsson :)

Dag to vakna vi med ein aligator i "hagen"

Fredelig og stille...


Fuglar var det flust av!


men piraya var det berre Håvard og guiden som klarte å fange :)


5 kommentarer:

  1. Hei igjen.Nydelege bilder,de egnar dåke godt som fotografer.So kjekt at Lillian er komt,ho får jo med seg litt av opplevelsane som de har hatt.Kor går vegen no då?Kai Ronny snakka noko om Mexico?han skal reise til Iran no i begynnelsen av juni,ho mor er ikkje so glad for det,men,men.No er det vaksinerig av ymse slag.Ellers er alt bra her,men vi har høstver,skal vist verte litt bedre til helga.Ha det godt alle sammen,skal helse frå dei her.Heidi

    SvarSlett
  2. håpe ikkje d va alligatora der dåkk bada!

    SvarSlett
  3. Hei! Visste ikke at dere skulle dra allerede nå. Har vært kjempekoselig å være i Bolivia sammen med dere, håper vi ses når dere kommer hjem!

    Ha en fin tur :)

    SvarSlett
  4. ååå, dåkke e så fine!! savne dåkke og glede meg masse til å se dåkke igjen... håpe cuba var bra, spent på hvordan ting ble :) ser fram til gode historier :)

    SvarSlett
  5. Nydeligt bilde av dåkke to!!;)
    Glede meg te å ha dåkke heima nå! å te å hørra på alt dåkke he å fortella!

    Klem
    Ingrid

    SvarSlett