1.mai var vi 6 stk frå Casa Alianza som la ut på 3 dagars tur til Huayna Potosi (6088 moh).

Frå venstre: vår Israelske venninne (som merkelig nok kom til toppen), Gerny, Håvard 2, Edit, Håvard, Åse Britt og Maria med Huayna Potosi i bakgrunnen.
Gravplass for alle som har mista livet på toppen...neidå mamma, det er gravplass for ei gamal gruve i nærheten.
Den fyrste dagen køyrde vi til 4660 moh og var på ein isbre for å øve på å gå med stegjern og isøks. Det var kjempeartig og enkelte (inkl. Håvard) vart litt overivrig og fekk hodepine heile natta i hytta...
Håvard på veg ned ein isvegg.
Jærjentene på veg opp isveggen (sjekk Jærbladet)
Neste dag gjekk vi til "Refugio 2" eller High camp på 5300 moh. Vi norske fekk andre til å bære utstyret våres, for å ha mest mulig overskudd til siste dagen og auke sjansane for å nå toppen!
Denne dama bar sekken vår (sjekk skoa)! Dvs ho bar ikkje heile vegen, men likevel... litt flaut igrunn :)
Den andre hytta var heller enkel og trang, så når vi skulle opp litt over midnatt hadde dei fleste av oss liggi vakne og venta i fleire timar. Dette pga hodepine og problem med å puste. Merkelig nok forsvant dei fleste plagene då vi stod opp (og tok ein Ibux). Guiden vår var tipp topp på alle måtar. Edit, Håvard og ein guide gjekk saman i eit taulag. Guiden gjekk roleg og fekk oss trygt både opp og ned, sjølv om Håvard krabba på alle fire over eggen (ca 1 meter brei og stupbratt på begge sider) like før toppen!

Etter 4 timer nådde vi toppen, 6088 moh - før soloppgang med 16 minusgrader!

Det var kaldt å vente på soloppgangen, men det var vel verdt det! El Alto i bakgrunnen.
Dei norske som kom til toppen. Gerny, Edit, Håvard, Maria og Åse Britt. Håvard 2 måtte dessverre snu pga høgda. Han hadde igrunn problem frå dag ein, og det tok nokre dagar før han vart frisk.
Glade og nøgde i sola på veg ned :)








Ska sei, her har d helst vært et blogge-maraton si sist eg sjekkte :)
SvarSlettVeldig kjekt å lesa!
Lykke t på sykkelturen imårå Håvard!
Takk for det Anne Rut! Eg skal gjere mitt beste :) og spre gjerne det glade budskap - eg har lyst å komme over 20000! :)
SvarSlettHåvard