Etter påske starta vi å jobbe i prosjekta på El Alto - Edit på eit helsesenter og Håvard på ulike fotballskular. Å jobbe på El Alto medfører ca 1,5 time reising kvar veg, og dermed er det vanskelig å kombinere med å jobbe på barneheimen. Det var litt vemodig å seie hade til ungane på barneheimen ettersom til og med dei yngste ungane hugsa navnet våres dei siste to vekene. Derfor har vi prøvd å gå innom av og til og besøke dei. Det har gitt nokre fantastisk sterke inntrykk! For når ein ikkje har vore der på ei stund og så kjem på besøk ser ein virkelig kor mykje ein har betydd for desse ungane og kor stor pris dei set på oss! Og ja, det er ein 3-4 stk vi godt kunne tenkt oss å tatt med heim :)
Helsesenteret:
Det har vore litt delte erfaringar for tidlegare volontørar på helsesenteret i forhold til kor mykje dei har fått lov å gjere. For Edit har det vore litt frustrerande å ikkje forstå språket så godt, men ho har vore heldig og fått lov til å vere med på ein del. Mellom anna har ho fått øvd seg på å sy - utan vidare hell :) - og vore med på mange fødslar! Ho føler og ho bidrar ein del ettersom ho tek imot mange av pasientane og dermed frigir tid for sjukepleiarane.

Prislista på helsesenteret :)
Misjonsalliansen hjelper ikkje dette helsesenteret med midlar i år, men har tidlegare gitt mykje av utstyret dei har - mellom anna alt utstyret til tannlegen. I år er derimot Misjonsalliansen med på å bygge opp to helsestasjonar i Sorata og dei støttar 3 helsestasjonar i Caranavi. Dei to andre hovedpunkta for Misjonsalliansen sitt bidrag til "helse" er HIV/AIDS prosjektet og opplæring av frivillige helsearbeidarar.
Fotballskulane:
Fotballskulane er kommunale og Misjonsalliansen er berre med og støttar opp om opplegget, gjennom å hjelpe med volontørar, bygge baner, skaffe materiell og arrangere turneringar. Kvart år bygger Misjonsalliansen (samen med midlar frå NORAD) ei flott drenert grusbane slik at det vert fleire sunne arenaer der ungar og ungdommar kan få utfalde seg. Det er ei forutsetning at kommunen og byggjer ei bane, i tillegg til at dei rustar opp infrastrukturen rundt banene. Det er og kommunen som anset og betalar trenarane.
Håvard er så heldig å få vere med på ein splitter ny kunstgrasbane to dagar i veka. På det meste har det vore med 93 ungdommar her, og ein dag måtte Håvard ha ca 70 stk åleine. Ikkje like artig når ein pratar begrensa og svært gebrokkent spansk! Utover denne litt kjedelige dagen, har det vore veldig artig og lærerikt og når vi er tre "professorar" som jobbar med 20-30 stk kvar så er alt heilt topp! Hoved "Professoren" er veldig dyktig og militær, så ungane respekterar han VELDIG! I tillegg har han god erfaring med tidlegare volontørar frå Norge, så han snakkar rolig og tydelig. Både Håvard og Edit har og vore heime hos han og eti "almuerzo" (3 rettars lunsj) som kona hans lagar og sel for 6 kr i huset deira!
Professor og trenarkoordinator Maldonado og kona! God mat og eg har ikkje blitt sjuk av den!
Dei to andre dagane er Håvard med på ein annan fotballskule i eit anna distrikt, der bana er dårlegare og ungane færre og yngre. Men det er veldig kjekt for dei synes det er stort å ha ein kvit mann med dårlig spansk som "professor" :)
Håvard har og fått sett 2 andre fotballskular i andre bydelar. Ulikt nivå, banekvalitet og litt ulikt fokus mellom dei ulike professorane. Bildet over er frå den skulen Edit skal vere med på ein gong i veka.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar