onsdag 22. april 2009

Bolivia KNUSTE Argentina 6-1!!!

Oy, oy, oy! Kæ skjer??? Maradona har, etter å ha stått på sidelinja heile kampen, gått slukøra og satt seg på benken. Det er 4-1 til Bolivia! Og sjølv om det skjedde 1.april er det ingen grunn til å tvile - vi var der og såg alle måla! Til slutt endte det 6-1!!!

Fotball i sør-amerika er folkefest! Det var eit yrande folkeliv før under og etter kampen!

Vi var ikkje akkurat åleine :) Nesten 45000 andre hadde og tatt turen til ein fullsatt stadion! Det blir det stemning av! 


Bolivia pressa frå start, og fekk etterkvart fortent det fyrste målet. Men Argentina treng som kjent ikkje så mange sjansane, og med god hjelp frå keeperen stod det 1-1 då Bolivia fekk straffe (sjå film over) ca midvegs i fyrste omgang. 

Hugsar ikkje i farten om det var 3-1 eller 4-1 til pause, men det endte uansett 6-1 til slutt! Eg skal kjøpe med meg ein dvd av kampen heim, så kan de få sjå sjølv! (masseproduserte piratkopiar av kampen var i salg 1-2 dagar etter kampen)

På filmen kan vi sikkert og sjå om min umiddelbare analyse av kampen held mål og. Det er klart at høgda (ca 3600 moh) er vanskeleg å takle for argentinarane, men eit lag med så mange stjerner burde vel klart å stå å trille ball mellom bolivianarane? Og korleis er eigentleg Maradona som landslagssjef? Han kan vel ikkje forvente at alle spelarane er like kreative som han sjølv, så han bør vel ha ein plan for spelet? Min oppfatning var at dei spelte veldig trangt, nesten aldri brukte sidene, var litt umotiverte og sjølvsagt prega av høgda.

Her er gjengen av voluntørar som gjorde gode investeringar i boliviadrakt før kampen, samt spansklærarane våre Katja og Susann, som vi spanderte billett på. For sjølv om billetten "berre" kosta ca 80 kr, så blir det over ei gjennomsnittleg dagslønn for desse sprudlande lærarane (årsinntekt på ca ti tusen). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar