Sidan vi reiste heim frå Soløya lørdagen, fekk vi og med oss markedet på El Alto på søndagen. Her er det små salgsbodar så langt auge kan sjå og de sel alt frå frukt, snop, kle og lokal mat til skruvar, gamle radioar og brukte bildelar funne på søppelfyllinga. I tillegg er det utallige sjapper med piratkopierte filmar og musikk til 4-5 kr stk! Vi vandra rundt i nesten 3 timar, men kom aldri til endes.
Marked så langt auge kan sjå...

Ei dame sel ein øydelagt radio og noko anna skrot ho sikkert har funne på søppelfyllinga.
Ein annan plass har dei brukte bildelar skruvar og diverse
Det var ei oppleving å gå på markedet på El Alto, og utsikta når ein bikkar kanten
og ser ned mot La Paz er alltid like fantastisk!


Hei,hei.Litt av eit marked,reine søppelfyllinga vil no eg kalle det.Men,det er jo bra om dei kan tjene nokre kroner på det.Sikkert litt spesielt å gå på ein slik plass for dåke nordboere.No er påska over,og dagane har begynt å normalisere seg,og det er litt greit.Både Signe og Kai Ronny reiste i dag.I går og i dag har vi hatt nydeleg ver,varmt i sola,men kjølig om natta,men det er ok.No er det extra trekking,ha det godt begge to,skal helse frå onkel Bjarne.Heidi
SvarSlettSpennande! Opplevingar og inntrykk som viser kontrastar til vår vestlege verd. Og overgangen frå nasjonal toppidrett for begge to til breiddeaktivitetar og eit folkehelse-perspektiv er nok også stor.
SvarSlettPå heimlege traktar er det sjølvsagt kontrastane mellom misjonsalliansen og Aker-aksjar og Røkke- trenasaksjonar på staten og fellesskapet sine kostnader som er persektivet.
Interessant. lærerikt og sikkert nyttig ballast.
Vant de Heidi? I tilfelle foreslår eg eitt av to: enten gi gevinsten tl nokon som treng det, eller ta ein tur ned hit og sjå sjølv - for då veit eg de vil bli engasjert og gi likevel :)
SvarSlettJa, pappa det er store kontrastar. Var på fotballskulen på El Alto i dag og det trur eg blir spennande. Store kontrastar mellom El Alto og La Paz! og toppidretten er mindre viktig enn før. Likevel er det kjekt å sjå at ein har lært noko av alle åra med idrett, og at ein no har noko å lære bort som dei set pris på.
Appropo kontrast: Det var fest/underhaldning på barneheimen i dag og Edit sa ho eine jenta fekk store auger då ho såg det var SMØR på brødet....!
HM
Hei,får vel gje ei tilbakemelding om trekkinga i går,det vart ,som venta ingen gevinst.Dei kunne nok ha trengt ein slant der du er,får sjå kor stor sum det vert på vikinglotto i kveld.Snakkast,ha det godt begge to.Heidi
SvarSlett