Søndag 15.mars etter Casagudstenesta hadde vi og Oddrun ein flott tur til Djeveltanna (litt over 4000 moh). Det er mulig å ta drosje heilt opp til ei lita grend på ca 3800moh, men vi valgte å hoppe av drosja litt før og brukte resten av dagen ute i det flotte været!

Djeveltanna sett frå Casa Allianza
På vegen opp, med Djeveltanna i bakgrunnen

Håvard nyter utsikta over La Paz (ca. 1,1mill innb.). Vi bur i høgre kant midt i bildet. Den rikaste delen er nederst og sjølve sentrum ovanfor der vi bur. Det flate partiet opp mot himmelen er starten på El Alto (ca. 1 mill innb.).
Odrun sjonglerer på Djeveltanna!


Edit med Illimani (6438 moh) i bakgrunnen (det kvite fjellet)

Håvard med Illimani i bakgrunnen.

Edit og Odrun
Vel nede igjen kom vi forbi ein av dei mange hengte dukkene som advarar tjuvar om konsekvensane av tjuveri... Å ja, det skjer faktisk at tjuvar vert drept av lokalbefolkningen i utkantstrøka. For ikkje lenge sidan vart det verdensnyheter av at 11 tjuvar vart stengt inne i ein buss som vart påtent. Dette skjedde i ein liten landsby vi stoppa i på veg til Sorata. Etterpå vart tjuvane hetsa og uthengt forran landsbyen. 2 døde mens dei andre no sit i fengsel. At folk tek lova i eiga hand bryr ikkje staten seg mykje om ettersom det har vore og er ein del av kulturen her. Er dette med på å halde kriminaliteten nede kanskje??
Nå fulle eg me på bloggen dåkkas og! Håpe dåkk har d veldig bra! Eg ønske ofte eg va der nere ennå, for samenlikna me skulen å lesing så e der kje akkurat tvil om ke som e best :)
SvarSlettHa ei flotte helg!
Hilsen Anne Rut
Hei,og god påske til dåke,frå oss i Dale.Her er det kaldt og surt ver,skulle gjerne hatt litt av varmen som de sikkert har.Alt bra her.Kai R.og Ida er på tur med Kiel ferga,kjem att til Førde i morgon kveld(mandag)og so reiser han til Macedoni att,på tirsdag.Signe er her hos oss,i Bjergelia.Det er litt av nokre straffe metodar der nede,pass på so de ikkje vert tatt for noko.Snakkast,pass godt på dåke sjølve.
SvarSlettHei!
SvarSlettMå si me set veldig stor pris på å få litt kommentarar igjen. Det aukar motivasjonen for vidare blogging og så er det alltid kjekt å høyre korleis det står til heime!
Anne Rut: hyggelig du følger bloggen vår og :) som du ser har vi ikkje kommi lenger enn til tida du var her, men er no igang med å sjå gjennom 400 bilder frå Soløya-turen og nesten 1500 frå Saltørkenen... så snart kjem det meir.
Bjergelia: Har bestefar fått kort i frå oss? Sendte den 4.mars, men har hørt det tek ein mnd å få fram posten så det har kanskje berre såvidt kommi fram? Vi har ikkje veldig til varme her, men når sola skin er det shorts og t-skjorte vær. På kveldane eller når det er overskya blir det derimot fort kaldt og når vi til veka skal igang med å jobbe på El Alto (4000moh) er det kjekt med ullgensar, spesielt om morgonen. Kor lenge har Kai R vore i Macedonia, og kor lenge skal han vere der? De får oppfordre han til å lage ein blogg, så me kan sjå litt korleis det er der nede. Fortsatt god påske og hels alle kjente!
Håvard
Hei dette er Heidi.Kjekt å få kommentar tilbake.Veit ikkje om bestefar har fått kort,men det skal vi skjekke.Signe var ute på trilletur med han igår,trur ikkje han har hatt det sidan de var her.Besta er ute av og til med Aslaug,når veret tillet det.Ho har eit veldig skiftane humør,noko som har forverra seg etter beinbrotet.Kai Ronny har vore ca 6 veker i M.Litt usikker på kor lenge han skal vere no,men han håper å få komme heim til 17.mai.Etterpå er det Iran,og det er jo ikkje ho mor so glad for.I dag har vi blå himmel og sol.Litt kjølig endå,men det kjem seg vel ut på dagen.Skal helse frå alla her,ha det godt.
SvarSlett