Fyrste stopp var ein "tog-gravplass" med gamle tog som tidlegare frakta salt og andre mineral over til Chile. Etterpå bar det ut i saltørkenen (12000 m2, 3653 moh og gjennomsnittleg omlag 15 m djup) der vi sjølvsagt måtte leike oss litt med kamera.
Ved å samle saltet i haugar turkar det i sola og vert lettare å frakte til "land".
Midt i ørkenen ligg ei øy med fullt av høge kaktusar. Fasinerande!
Fyrste natta budde vi på eit hotell bygd av salt. Det var koselig, godt og lunt i motsetning til hostellet vi budde på andre natta som var heller trekkfullt og kaldt.
Litt kaldt, men vi budde tross alt på 4350 moh.
Lamaar (veldig godt kjøt forresten) er det mykje av i Bolivia, i tillegg til Alpacca og blandingen Bicunas
Andre dagen køyrde vi forbi mange lagunar med flamencoar, mellom anna ein raud lagune. Fargen kjem av ei spesiell alge i vatnet som veks der pga alle minerala i vatnet. Er det forresten nokon som kjenner til mineralet som på spansk vert kalla "borax"? Det er kvitt, liknar på salt/snø og det finnes mykje av det i dette området.
Tredje dagen stod vi opp før sola for å sjå soloppgangen i ei varm kjelde. Fordi vi stoppa å hjelpte ein bil som hadde punktert satt vi ikkje i vatnet i det sola stod opp, men med minusgrader i skyggen var det uansett godt å bade i 33 grader!

Stuntmannen Håvard på nesten 5000moh litt tidlegare på morgonen! :)

Gjengen vi reiste med. 8 frå Casa´n, 3 hollenderar, 2 britar og to guidar/sjåførar + kokke.
Til saman vart det 210 mil denne helga (torsdag kveld til mandag morgon), og heimreisa frå Uyuni til La Paz vart ikkje akkurat bedre enn reisa bort. Bussen satte seg nemleg fast i gjørma. Med det fyrste var jo det berre litt eksotisk å stå fast i eit gjørmehøl midt på natta med stjernehimmel klarare enn eg nokon gong har sett og karlsvogna opp ned... men når vi endeleg fekk bussen på vegen att etter ein time tok det endå ein time å få reparert den, og no byrja opptøyene i magen på nytt og det var ikkje akkurat varmt midt ute i øydemarka...
Menmen, vi kom oss no heim til slutt, fekk utsett spanskundervisninga nokre timar og var einige om at det var ein lang og slitsam tur som var vel verdt å ta ettersom det var utruleg mykje flott natur å sjå!














Hei igjen.Det er litt av ein tur de har vore på.Høyrest interessant og spennande ut.Ser ut som den bussen står skikkeleg fast,kan ikkje vere heilt enkelt i berre jørme.Bilda som de har lagt inn denne gangen,er skikkelege flotte,spesielt det med cola flaska,og det med Edith mellom hendene.No er Kai Ronny komt trygt fram til Macedonia att.God natt,og ha det godt.Skal helse frå dei andre i huset.Heidi
SvarSlettRåe bilde fra saltørkenen, D må ha vært litt av enn opplevelse å vær der!
SvarSlettEnormt bra bilde!!:) Sikkert fantastisk opplevelse! Kjekt dåkke legge ut bilde !! Kos dåkke vidare...Kristine:)
SvarSlettHei,har de slutta å skrive no??her er alt bra,kalde netter,regna i går,men i dag har vi litt sol igjen.Var på 0 punktet kl 6 i dag tidleg.Besta og bestefar er i fin form.Aslaug er no flink til å ta bestemor med ut om ettermiddagane,når veret tillet det.Kai Ronny skal begynne å jobbe att i dag,dei var visst ikkje ferdige med påskefeiringa der,då han kom ned igjen.Gleder oss til å lese nye innlegg,ha det godt begge to.Heidi.
SvarSlettSå spretten du e Edit!! det ska ikkje stå på det;) må sei eg missunne(unne) dåkke virkeli dette her.. ser knall ut. Sitte på Majorstua. det skjer lite og ingenting i norge! våren e på frammarsj, og det e topp!
SvarSlettEdit.. du må ha blitt mindre i Bolivia.. si du både passe oppå ei colaflaska og inni hennene te håvardgutten!
nyd alle opplevelsa og lagra di på netthinnå!
glede meg te å hørra om dette live;)
smask og dask Roger og Ingrid
PS: du Haavard ser ut som du e tatt rett ut fra en Hollywoodfilm på d bilde av du og edit i vannet.. Deilige
SvarSlettSmask Roger
Takk for masse hyggelige kommentara:) Me sette stor pris på å få litt respons på det me legge ut:) Ikveld he me våre på besøk heime hos den eine hushjelpa. Hu hadde 4 nydelige ungar. Dessverre så blei det ikkje tatt nogen bilde då alle hadde glømt kamera.. Satse på å kanskje besøke hu ein annan gong. Hold oss oppdatert om livet i Norge. Imårå he Håvard lova at han ska publisere et innlegg om Bolivia-Argentina. Me he våre bortreist heile helgå.He våre i Potosi, besøkt gruvene der. Aldri før vært så redd, trudde eg sko dø.. Me va og en tur innom Sucre og besøkte søskenbarnet mitt.. Meir info og bilde om denne turen komme ittekvert...Ting tar bare litt tid..:)
SvarSlettSavne dokke alle!!
Klem Edit
Så masse morsomme bilder! Likte veldig godt det av begge to i starten og hoppet til Håvard ser jo ut som det er tatt rett ut av en Lacoste-reklame =) Savner dere! Klem Kristoffer & Hilde
SvarSlett