fredag 24. april 2009

"Sydenferie" i Arica 3-5.april

Under stillehavskrigen 1879-1884 mista Bolivia tilgangen til stillehavet til Chile. Mange i Bolivia er framleis bitre på Chile på grunn av dette og håpar at Bolivia ein dag kan få kyststripe igjen (http://www.latin-amerikagruppene.no/Objekter/10090.html). 

Vi tok turen til kystbyen Arica fredag morgon for å slappe av, slikke sol, trene litt og repetere spansk i to døgn. Det var deilig med sol og sommar, samt å komme ned på havnivå og kjenne at ein ikkje vart anpusten (men at beina derimot vart slitne) av ein liten joggetur!

Det Chilenske flagget!

Med til Arica var og Håvard B (2), Nina og Ida.



Det vart stort sett berre strandliv og spanskrepetisjon (vi var faktisk ganske flinke), men søndag morgon skunda vi oss opp på utsiktspunktet, samt nedom havna før vi måtte ta bussen heim kl 10 (Vi var dessverre feilinformert om busstidene, så det vart 4 timar mindre i Arica enn vi hadde sett for oss - 18 timar buss, 44 timar i Arica).
 
Eit vanleg monument i sør-amerika!

I havna såg vi pelikanar og sjøløver, samt ulik standard på fiskeskøyter.

Det var godt å komme ned til havnivå etter lang tid på 3400 moh. Er det noko Edit savnar her i Bolivia så er det å sjå havet... :)

1 kommentar:

  1. Dåkk får søren me dåkk møje! Så kjekt. Å sikker kje feil me litt sommer heller nei!

    SvarSlett