
Som de ser er det ingen tipp topp racersykkel, men ein heilt grei off road treningssykkel eg har kjøpt meg. Det er ikkje snakk om sykkelsko, pedalar og anna avansert utstyr. Berre joggesko og hjelm, samt sekk på ryggen når ekspedisjonen startar. Trur eg skal investere i ei sykkelbukse... :)
Sjølve turen er ikkje lang (45km), men det er bratt og høgt! 2000 høgdemetrar, når lufta allereie er tynn her vi bur på 3400 moh, blir litt av ei utfordring. Ein ting er å sykle opp til 4000, verre blir det frå 4000 til 5000 moh, for ikkje å snakke om frå 5000 og opp til 5400 moh! Så vidt eg veit er det berre utsendingen Stig som har gjort dette før meg. Han kom seg opp, men var nær ved å bryte fleire gonger frå 4700 moh og oppover. I alt brukte han 12 timar på turen, inkludert at han sovna på toppen!
Eg er usikker på korleis eg taklar høgda, og i tillegg kjem utfordringar med laushundar, eventuelle punkteringar på tidvis steinette grusveg, temperaturforskjell frå start til mål og det gjer det ikkje akkurat lettare å sykle når gamle dieselmotorar såvidt klarar å snirkle seg forbi oppover bakkane...
Når eg no er her i Bolivia og ser alle behova, får eg lyst til å prøve å hjelpe litt. Eg ynskjer derfor å gjere ekspedisjonen til noko meir enn berre ein personleg prøvelse på om eg maktar utfordringa. Eg utfordrar derfor familie, venner, kjente og ukjente lesarar av denne bloggen til å gi x-antal kroner pr 100 høgdemeter eg klarar å sykle. Det er i alt 2000 høgdemetrar frå der eg startar til toppen av fjellet. Det gir 20 "100-høgdemetrar". Under ser du ein tabell over kor mykje du må ut med dersom du lovar å gi 1, 10, 100 eller 1000 kroner pr 100 høgdemeter:
viss eg kjem til 5400 moh viss eg kjem til 4400 moh
1 kr = 20 kr 1 kr = 10 kr
10 kr = 200 kr 10 kr = 100 kr
100 kr = 660 kr 100 kr = 1000 kr
1000 kr = 20000 kr 1000 kr = 10000 kr
Det er berre artig om du vil gi mindre avrunda beløp - alt er bedre enn ingenting! Det kan og vere mulig å berre gi ein sum viss eg når toppen, men då synes eg de må ta i litt :) Heile beløpet skal gå direkte til "Fotball krysser grenser"-prosjektet til Misjonsalliansen som eg no hjelper til i. Berre legg inn ein kommentar under med namn og antall kroner pr 100 høgdemeter, eller send meg ein mail på: havard_myklebust@hotmail.com.
Til slutt: til bursdagen min har eg berre eit ynskje:
- AT DU STØTTAR EKSPEDISJONEN MIN OG GIR SÅ DU VIRKELIG KJENNER DEN GODE SAMVITTIGHETEN ETTERPÅ!
Hugs at eg er her, ser det er behov og ser det nyttar...
Og ikkje gløym at: "Det handler ikke om veldedighet, men om rettferdighet!"

Dette syns eg var eit godt tiltak!
SvarSlettOg her er mitt bidrag i to deler:
1. Du bør utfordre Andebarkji terrengsykkelklubb som hadde sesonopning opp Åsgardane sist sundag:
2. Midt bidrag er som fylgjer:
Gevinsten frå vår handel på Skarverennsbutikken, ca 50% rabatt= kr 1800,- står til disposisjon til føremålet etter slik skala:
kr 100, dersom du greier høgde 4000 m
kr 300, dersom du greier høgde 4500 m
kr 900, dersom du greier høgde 5000 m
kr 1800, dersom du greier høgde 5400 m
Til lukke med bursdagsfeiringa!
pappa
eg e med ;) studenten he ikke råd te meir en 10 kr per km, alså 200 :P får rekne med du komme deg heilt opp! ellers e det flaut. må visa litt muskla =)
SvarSlettandreas
Hallaisen... Gralla så møje me dagen :) Hb du får ein flotte bursdag i Bolivia!
SvarSlettSelvfølgeli æ eg me å støtte ett så bra prosjekt!! Du sga få 5 kr for kvær 100 meter, å vist du kjæme deg heilt te toppen så sga du få 100 kr te... Men då meine eg heilt te toppen :)
Hei du - Gratulerer med dagen!
SvarSlettJa dette er jo eit flott tiltak :-) Sånn er det å gje bursdagsgåve på forskot... hehe
Eg støttar kr25,- pr 100-høgdemetrar og utfordra årets 50 åringar til å støtte også:-)
Lykke til!
Klem frå tante Signe
Gratulerer med dagen kjære bror!!
SvarSlettHåpar du har hatt ein triveleg dag og at Edit har sunge bursdagssangen til deg. Reknar med at du har fått kake og ;)
Støttar deg med kr 10 pr 100-høgdemeter. I tillegg tenkte eg å få i gang eit lite veddemål på jobb og sjå om sykkel-gjengen der har trua på deg. Du får sjølvsagt gevinsten om du greier det.
Oppfordrar andre til å gjere noko liknande.
Klem Lillian
Ser ut som d e bursdagen din i dag, så gratulere så møje me dagen. Eg og vil ver me på dette å eg gir 100 kr pr 100høydemeter. Å itte mitt håve så stemme d ikkje heilt me 660 som d står i innlegget!
SvarSlettÅ så må du få d ut på ilimitado, folk blir garantert med!
Hei Håvard. Konge tiltak! Gøy å lese litt om hvordan dere har det.
SvarSlettJeg støtter med 10 kr per 100 høydemeter. Alle monner drar. Håper du kommer helt til topps. På onsdag er det matnytte igjen. skal utfordre de på det samme.
Lykke til!
Håper du kommer til topps.
Arild
Heisann!
SvarSlettKult, Håvard!!! Klar vi vil støtte prosjektet ditt :)
10kr per 100 høydemeter, og kommer du deg helt til topps, venter det 100kr ekstra i bonus! :)
Lykke til!
Klem, Marianne og Børge
Hei!
SvarSlettSå bra dette var! Det vil jeg gjerne være med å støtte!! Jeg gir 25 kr pr 100 høydemeter, altså 500 hvis du når toppen.
LYKKE TIL!!! :)
- Hanna Kjøllesdal
Hei;)
SvarSlettDette va bra Håvard!! Me e stort imponerte øve deg!! Nå sidde me her på kjøkkenet på Sagene og savne dåkke.. Knall kjekt å lesa om det dåkke gjær, og ikkje minst å sjå bilde av dåkke våre gode samboere;)
Samen støtte me 25 kr pr 100 høydemeter!! Så nå må du gjer resten av jobben!!
Lykke lykke til;)
Klem Aase og Ingrid
Hei!
SvarSlettBra tiltak.
Satser på at du lett når toppen, og da blir det grunker i kassa.
Vi støtter med 20 kr pr 100 høydemeter.
Lykke til!
Klem fra Tobias, Siri og Endre
Hei Håvard og Edit!
SvarSlettSlike ting varmer hjerte til en tidligere volontør.. jeg digger å lese bloggen.. y creo que yo voy a escribir en espanol ahora.. porque entonces nadie comprenden! Nei, det tar så lang tid..
Men jeg støtter gjerne prosjektet, og sier 10 kr pr 100 hm, det kommer til slutt til å bli en kjempegave til et kjempeformål.. gøy!!
Kos dere masse.
Heier på deg, Håvard!
Klem fra Anne Line som koser seg i sola hjemme i Lyngdal denne langhelga.. :)
Hei Håvard!!
SvarSlettDette var jammen bra altså!!:) Du e Goe!!
Veldig spennande å følga med dåkke der nere, kjekt dåkke vil dela det med oss!!
Me støtte med 20kr per 100 hm.
Sakna dåkke og tenke på dåkke!!
Masse Lykke te med syklingå Håvard!!
Klem frå Daniel, Kristine og Gabriel:)
Glimrande tiltak og nydelig, tøff tur, Håvard.Første del til El Alto, ca 2 mil og 900 meter stigning, kan du. Deretter er resten på grus.
SvarSlettAndre etappe går fra El Alto til foten av fjellet, ca 17 km og 700 meter stigning. Tøff tur etter ca 5 km og vanskelig underlag. Sporvalget er avgjørende.Periodevis bratt. Bedre grus mot slutten. Er du heldig får du litt medvind siste 5 km. Bruk så lite energi som mulig denne etappen. Ta pauser og drikk/spis godt.
Siste etappe er opp på fjellet. Varierende grus/stein underlag. 5 km og ca 500 meter stigning. Vanskeligste partiet etter 2 km etter steinhytta. Høyden slår inn, pulsen ligger høyere enn normalt, og pusten er kjappere. Lurt med litt pauser. Godt å komme opp og kunne kjøpe ei naturlig kald brus på toppen. Snakk med Samuel og skriv deg inn i hytteboka.
Du kan gjerne låne ryggsekk med vanntank, sykkelbukse, sykkel, reserveslange/rep sett. eller andre ting om du vil. Sponser med NOK 200 om du kommer opp.God tur.
Stig
Litt for lite topp-bonus her synes jeg, du må jo ha noe ekstra motivasjon på slutten ;)
SvarSlettJeg støtter med 100,- pr 100-meter fra og med 5000 dvs 500,- om du kommer til 5400 :)
Lykke til :)
Andres
Hei! Bra intiativ Håvard!
SvarSlettHer blir det 10 kr per hundre høydemeter fra Odrun, og 20 fra Gunhild. Pluss 100 i toppbonus:) God tur, glad vi ikke er med...:)
Hei! Dette var eit flott tiltak. Las om det i Hallingdølen. Dette vil vi gjerne vera med å sponse. 50 kroner per 100 høgdemeter. God trening til du skal opp bakkane i Åsgardane i sumar dette?! Lykke til Håvard. Vi heier på deg og gratulerer med vel overstått bursdag.
SvarSlettAnne Gerd og Oddbjørn på Gol
Hei!!
SvarSlettNo som det nærmar seg, synst eg du treng litt ekstra inspirasjon... -
Eg doblar innsatsen og i tillegg får du 200 kr i toppbonus. Så no må du berre gi på og ikkje gi opp;)
Lillian
Heja!!
SvarSlettFor eit fantastisk bra tiltak!!
Det tok litt tid før eg skjønte greia med den tabellen...men sponsar 9kr + 1kvikklunsj pr.høgdemeter viss du lovar å dele litt av sjokoladen med Edit;)...
Hundretusenmasselykke til med syklinga!!
Ha ei finfin 17.maifeiring, gleeedar meg til å treffe dikkan plutselig!!
Klems frå Arnlaug
Ooops....meinte selvfølgelig pr.100 høgdemeter;=)
SvarSlettArnlaug
Hei Håvard!!
SvarSlettKonge å fylla dåkke der bårte!
Ser ut som dåkke kose dåkke.
Imponert over tiltaket.
Eg støtte deg med 200 kr om du når 4400 m og dobble beløpet om du når heilt te topps!
Det klare du lett med di skøyte lårå dine..
Nyd siste tiå!
Kossen går det med avtalen vår?;)
Klem Roger